Sogn og Fjordane - levande eventyr

Norsk English Deutch Explore Fjord Norway
Sogn og Fjordane
Norge - Sogn og Fjordane

Folk i Sogn og Fjordane kan med full rett hevde at dei bur i Norges fremste fjord- og brefylke. Sognefjorden er den djupaste og lengste fjorden i verda, og Jostedalsbreen er den største isbreen på fastlandet i Europa.

La deg friste til eit fjord cruise, fiske ørret og laks i krystallblå elvar, eller bli med på havfiske i vest. Padle kajakk i skjærgarden, eller ta på deg dykkermaske og opplev eit nytt landskap. Bli med på brevandring, la deg forføre av Jostedalsbreen og Jotunheimen, eller velg fossevandring. Ta familien med på ridetur på fjordhestar, eller kanskje ski og snowboard midt på sommaren. Få med deg folkemuseum og festival, eller beveg deg inn i "maleriet" som inspirerte Astrup. Pakk kartet i ryggsekken og dra til fjells! Besøk dei fem stavkyrkjene og velg din favoritt. Få med deg Selje kloster og sagnet om St Sunniva, og bli med ut til Vestkapp. Kom til Sogn og Fjordane, og opplev verkelegheit som blir til eventyr - og omvendt.

Vil du vite meir om å vere gjest i Sogn og Fjordane?